Siloslåtten har så smått kome i gang i Fitjar, og avlinga ser ut til å bli bra.

Graset begynte å skyta allereie i førre veke, og skulle såleis vere meir enn klart til innhausting. Men usikre vermeldingar har gjort at bøndene i Fitjar har nølt med å dra i gang «storslåtten» for fullt.

På Fitjargarden har Tore Sigurd vore ute med forhaustaren sin nokre dagar, medan bøndene på Rydland har venta til pinseaftan. Og då starta dei ikkje med «storslåtten», som skal gå for seg med slåmaskin og finsnittar, men med skrapaslått på mindre teigar rundt omkring. Dei store teigane må nok venta til over pinsehelga. Ved Rema-butikken på Fitjar pakka Kristian Skumsnes rundballane sine inn i plast i dag. Han let vel over avlinga; den teiknar til å bli mykje betre enn i fjor. Det var eit av dei dårlegaste åra i manns minne, men i år ser avlinga ut til å vera normal eller vel så det.