Månen gjer seg klar til å skina over Tindane. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjarposten har vore til fjells på ski og kan slå fast at det er silkeføre.

I Hovlandsdalen manglar det ikkje snø, rundt halvmeteren måtte me kjempa oss opp gjennom. Heimelsmannen vår kunne slå fast at det har kome mykje snø sidan laurdag. Nedbøren som har kome ned som sludd og regn i låglandet, har kome ned som snø oppe i høgda.

Me gjekk opp Hovlandsdalen, forbi Kvednavatnet og over til Kjeringjo. Utsikta var upåklageleg utover Svartavatnet. Men me såg ikkje mykje teikn til folk; berre eit einsleg skispor kom vestanfrå, og berre ein mann hadde sett bumerket sitt i boka i løpet av dei siste dagane.

Føret var flott, og sjølv om det reiv litt i nasen før sola kom opp, sette me kursen mot Mosavatnet. Der møtte me sola, og eit strålande utsyn mot Kidno, Klovskar og sørover mot Stord. Isen våga me oss ikkje utpå, men hadde ikkje bruka for å freista skjebnen.

Turen vår gjekk vidare oppover Grønafjedlet, til Djupetjødno, før me la om og svinga nordover mot Tindane. Då me kom lenger nord, låg Tindaslottet bada i det flottaste måneskin, og venta på ein gjeng strandarar som var på veg opp for å overnatta.

Vermeldingane for komande veke er gode; det er berre å smørja skiene og komma seg ut. Det er ingen ting å venta med. Men sola er ikkje påskesol, så det er viktig å kle seg skikkeleg.

Månen gjer seg klar til å skina over Tindane. Foto: Kjetil Rydland.

Utsikt sørover Mosavatnet. Foto: Arne Raunholm
Utsikt sørover Mosavatnet. Foto: Arne Raunholm

Kjeringjo og Svartavatnet. Foto: Kjetil Rydland.
Kjeringjo og Svartavatnet. Foto: Kjetil Rydland.