Med ein enkel gitar og vakkert og talande gitarspel, samt ei sart og særeigen stemme og melodiføring, held Silja Sol publikum fanga i over ein time under konsertkvelden i revyteltet på Fitjar Fjordhotell, fredag kveld. Foto: Håkon C. Hartvedt

Søa som var i salen før Silja begynte forsvann allereie etter første låten, og den kom ikkje att før ho hadde gått av scena. 

Askeladden. F.v. Torstein Mongstad, Simon Kleppe Røskeland og Johannes Aadland. Foto: Håkon C. Hartvedt

Snakkinga forsvann òg når Askeladden starta si avdeling, men det varte diverre berre ein tre-fire songar, så vart den lyttande stilla blanda med meir og meir snakking rundt borda, òg når Johannes Aadland på spennande vis introduserte nye låtar.

Me forstod ikkje heilt kva som skjedde. Rett nok var dei fire-fem først låtane litt einsarta i arrangement, songstil og melodi, men Askeladden gjorde absolutt jobben sin – og applausen mellom songane var bra. Dei klarte berre ikkje å «bergta publikum» i same grad som Silja Sol gjorde det. Kanskje bortsett frå heilt på slutten – og til dels på dei kjende «Sjå fram», «Huldra» og «Fin og fjong». Og utvilsamt mest når bassist Torstein Mongstad plystra Amazing Grace med låt som ei sekkepipe. Korleis han fekk det til er ikkje godt å forstå. Kommentarane om Askeladden etterpå var likevel jamnt over positive. Askeladden pluss gjesteartist på gitar, Harald Espeland, fekk verkeleg vist at dei kan spele.

Askeladden. Her med gjesteartist Harald Espeland t.h. Foto: Håkon C. Hartvedt

Sist ut i kveld var Per Egil og vener. Ein heavy metall-konsert der Per Egil Larsen hadde henta med seg forskjellige musikarar og køyrte på med skikkeleg trøkk. No inne på hotellet.

Fitjarposten fekk berre med seg den første grupperinga der Jon Ståle Eldøy var vokalist. Skikkeleg trøkk. Me gjekk heim med dottar i øyrane og må innrømme at dette ikkje er vår musikk. Men at gutane kunne spele og at stemninga var slik publikum ønskte at ho skulle vere, treng ingen å tvile på.

Per Egil og vener, Her med Jon Ståle Eldøy frå «Bastard» som vokalist. Foto. Håkon C. Hartvedt