På austsida av høgaste Kidno, ca. 550 moh., blomer gulsildre og stjernesildre side om side i desse dagar. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjarfjellet er ikkje så rikt på kalk som Stordafjellet, men stjernesildre og gulsildre lyser i desse dagar opp som perler på «utvalde» stader i Fitjarfjellet.

Reinrosa på Tindane er avblomstra, men det finst fleire «attraksjonar» i Fitjarfjellet for den som er interessert i fine blomar. Blant dei mest spesielle er gulsildre (saxifraga aizoides) og stjernesildre (saxifraga stellaris), begge vanlege plantar i Fitjarfjellet.

I alle høve om du skal tru på det som står skrive. Stjernesildra er kanskje den mest utbreidde sildra i fjellet, sidan ho er lite kresen på vekseplass. Planta er vanleg i heile Fjell-Noreg, og er funnen opp til 1970 moh. i Jotunheimen. På Vestlandet og nordover går ho også heilt ned til havnivået.

Blomsten består av fem kvite, spisse kronblad som danner ei stjerneform. Kronblada har to raudlege eller mørkt gule prikkar ved grunnen. Blada dannar ein rosett på bakken. Ifølgje Wikipedia manglar stjernesildra i dei ytste kyststroka i Rogaland og Hordaland.

– Ein så vanlig plante med mange hvite, stjerneforma blomstrar blir lagt merke til, står det på Wikipedia, og det kan me slå fast etter å ha gått over Kidno denne veka. Rett før Mosavatnet og Mehammarsåto openberrar seg på austsida, kjem det ein flott førekomst av stjernesildre til syne.

Gulsildre på ein typisk veksestad i Sæterbøfjellet. Foto: Kjetil Rydland.

I desse dagar står han og blomstrar i lag med ein «slektning», nemleg gulsildre. Sistnemnde føretrekkjer kalkrik jord og veks ved kjelder, bekker og fuktige steinar og klipper. Gulsildra ser ut til å vera litt meir vanleg hos oss, sjølv om ho krev meir kalk. I Fitjar er ho elles å finna blant anna på Sæterbøfjellet og i skråningane på austsida av Småtjødnane, oppover mot Litlasåto.

Skal me dømma etter Kristen Sørheim og boka Floraen på Stord (1969) kan nok begge desse sildrene vera meir vanlege på Stord enn lenger nord på øya. Her er det han skriv:

«5tjernsildre (saxifraga stellaris) er vanleg i bekkefar og på snøleier i fjellet. Blomen er kvit med raude prikkar. Han er lett å kjenna med si kvastforma forgreining av stylken. Fiiestadaer: Mehammarsåto, Skorafjellet, Uføro o.a.st.

Gulsildre (saxifraga aixoides) er også mykje vanleg i fjellet på kalkgrunn. Elles er ho ikkje og kan bløma til langt uti oktober. Både krunblad og mjølknappar er sterkt gule. Blada er spisse med kjertlar i kanten. Dei minner om bergnappblad.»

Felles for desse fine fjellplantene er at dei kanskje ikkje er så vanlege som ein kan få inntrykk av ut frå «skrifta», men ein ting er sikkert: Juli er høgsesong, og no står dei i full blomst; det er vel verdt å koma seg til fjells og nyta synet!

Stjernesildre og gulsildre, med utsikt mot Mehammarsåto. Foto: Kjetil Rydland.

Stjernesildre og gulsildre plasserte på kart frå ut.no.