Sildakongen eller "heile Vestlandet sitt nasjonalikon" som han òg kallar seg, var onsdag på torget i Fitjar med produkta sine. Og lett var det ikkje å gå i frå boden han utan å kjøpa noko. Helst kjøpte ein meir enn ein hadde tenkt av den rappkjefta kremmaren, sjøkaptein Arvid Otto Mørch som no har halde konseptet sitt gåande i 25 år offisielt, og nærmare 35 år uoffisielt.Og slagorda hans er framleis like klåre. "Meir Sild og Kultur til Folket." og "Sæl er den Mann som et seg mett på Sild, og ikkje Grisefett!"