Det kjem vel ikkje som ei bombe for nokon i Fitjar at Sigurd Maraas, som einaste kommunestyrerepresentant for Frp i dag, toppar Frp si liste til kommunevalet.

Som nummer to, som er den einaste som er kumulert i tillegg til Sigurd, finn me Konrad Westvik.

Når me bed Maraas trekkje fram tre saker dei vil setje spesiell fokus på, nemner han sjølvsagt eigedomsskatten først.

– I tillegg ser me at ein er på rett veg innan helsesektoren. Mellom anna hadde heimetenesta overskot på budsjettet, og me vil gjere vårt til at denne gode trenden skal fortsetje.

Som ei tredje sak vil me instruere Fitjar kommune til å nytta ja-stempelet mykje oftare i samband med søknader av ymse slag, seier listetoppen i Frp, Sigurd Maraas, til fitjarposten.no.

Frp si liste ser slik ut:

1. Sigurd Maraas (kumulert)

2. Konrad Westvik (kumulert)

3. Ingfrid Gloppen

4. Ove Raunholm

5. Åge Nesbø

6. Oddrun Heggøy

7. Odd-Jarl Larsen

8. Anne Merete Opshaug

9. Salomon Aarbø

10. Hanne Emilie Hovland Heggøy

11. Arnold Maraas

12. Arvid Inge Korsvik

13. Lasse Grov

14. Linda Lie Heggøy

15. Finn Are Maraas

16. Ole Vidar Helland