Gruppeleiar Sigurd André Maraas i Fitjar Frp sine svar på FP sine spørsmål kan du lese her.

Spørsmåla er:

1. Kva ser de på som den viktigaste politiske satsinga i 2013?

2. Korleis vurderer de situasjonen innan skule og helse no?

3. Me har fått ein del signal om at det er satsa for lite på kultur? Kva tankar har de om det?

4. Om Fitjar uventa hadde fått 50 millionar ekstra, kva ville de ha brukt dei til?

Og her er Sigurd sine svar:

1. Satsinga på nye skulen må vera den største og viktigaste saken.

2. Situasjonen er god i Fitjar, men me kunne endå fått det bedre, me har flinke medarbeidarane som gjer det beste utav dei kronene ein har til rådvelde.

3. Situasjonen er slik at det er mange område ein burde ha satsa meir på, kultur er nok og eit av dei områda, men når lommeboka er tom, så er den tom.

4. Då skulle me ha fjerna eiendomsskatten, rusta opp Øvrebygda skule til dagens standard, auka satsinga på blandt anna rusførebyggjing og kultur og sett resten på fond til bruk ved seinare høve.