Fitjar Festivalforening hadde årsmøte på FKIB 16.12.14, og under valet vart det attval på Sigurd Andre Maraas som leiar.
Til årsmøtet møtte det seks medlemmer i tillegg til styret. Møtet vart opna av leiar Sigurd Andre Maraas og leia av Ronald Hareide.
På saklista var det vanlege årsmøtesaker.
Gjekk i pluss
Økonomisk gjekk festivalen 2014 med eit lite overskot, men diverre langt frå målet som ville gjeve utbetaling for dugnadstimane.
Val
Etter valet ser det nye styret ser slik ut:
Leiar: Sigurd Andrè Maraas, attval 1 år.
Styremedlemmer:
Tom Rydland, ikkje på val.
Rune Sandvik, ikkje på val.
Bente Ringheim Koløen, ikkje på val.
Inger Elin Helland, valt for 2 år.
Vidar Larsen, valt for 2 år.
Per Egil Larsen, valt for 2 år.
Varamedlemmer:
Jostein Prestbø, 1. vara, valt for 1 år.
Ansgar Hellland, 2. vara, valt for 1 år.
Vararepresentantar skal møte på alle styremøta.
Festivalen 2015
Neste års festival vart diskutert, og styret fekk fullmakt til å avgjere storleiken og omfanget av Fitjarfestivalen 2015 som vert 6-9 august.
Styret skal ha sitt første styremøte 27. januar og bed om innspel i forkant, dersom nokon har noko dei kan bidra med – og om dei har ønskje og idear.