Det blei to sigrar og ein andreplass til Tone S. Brakedal i PEAB-lekene på Osterøy i dag.

Det er mest grunn til å trekkja fram 60 meter, som gjekk unna på 8,11 sekund, meiner trenar Bård Inge Bø. Tida er ny pers med 5 hundredelar, og truleg det raskaste for ei Fitjar-jente eller -kvinne etter svartedauden, seier den entusiastiske trenaren hennar til Fitjarposten.

Dette heldt til ein sterk andreplass i motvinden i Lonevåg. Tone blei berre slått av Ingvild Meinseth, som har vore suveren i 99-klassen for jenter i fleire år i Noreg. Denne gongen var Tone nærmare enn nokon gong, berre drygt to tidelar bak, så det spørst om ikkje frk. Meinseth kan bli nøydd å sjå seg litt meir til side til neste år, trur Bård Inge Bø.

Tresteg vann Tone oppskriftsmessig. Her kunne ikkje verken nummer to eller tre, med høvesvis 9,98 og 9,96, truga vinnarresultatet til Tone på 10,40 m. Resultatet er likevel ein halv meter bak persen hennar. Dersom ho hadde drege litt meir til på mellomhoppet, hadde ho foke over 11 meter, mener trenaren. Hordaland vann den avsluttande stafetten med Tone på laget, og var elles suverene i krinskampen.