Anette Aarre frå Fitjar Racing Team debuterte med siger i Rallycross Nasjonal over 2400 ccm i 1. runde av Vestlandsmeisterskapen i Rallycross. Det skjedde på Eikås motorbane i Bergen.
Anette slo altså til med siger i sitt aller første rallycrossløp, og kunne reise heim med den største pokalen, og leiing, i Vestlandsmeisterskapen 2008.
-Debutanten synte med solid køyring at dei meir erfarne førarane verkeleg skal få noko å stri med i 2008 sesongen, fortel Sigurd Andrè Maraas i Racingteamet til fitjarposten.no.
Han fortel vidare at 2.runde i Vestlandsmeisterskapen 2008 går av stabelen allereie komande helg i Vikedal.
-Det skal bli spennande å sjå Anette følgje opp den gode prestasjonen sin, og me oppfordrar alle til å kome til Vikedal, laurdag 19. april, og heie fram det nye supertalentet til Fitjar Racingteam, seier Sigurd Andre Maraas, til slutt.
.