Geir Skeie var i dag på Fitjar for å syne filetering av fisk , og for å signere den nye sausboka si. Også Fitjarpostredaktøren nytta høvet til å skaffe seg nokre eksemplar.

 Me har såleis boka i hende og kan fortelje at boka er lagt opp som ei svært praktisk bruksbok.

Det er som kokke-nestor Ingrid Espelid seier i forordet: «Jeg har opp gjennom årene fått utrolig mange telefoner fra folk som lurer på hvilken saus de skal servere til forskjellige retter. Med Geirs sausebok trenger ingen å ringe og be om råd lenger. Nå vil du finne svarene på det du lurer på i denne boken. Du finner alt av kalde sauser og varme sauser, sauser til salater, sauser til forretter, sauser til hovedretter og sauser til desserter. …. I denne boken spiller Geir på hele repertoaret. Vi finner alle sausene vi kjenner – og alle de vi drømmer å bli kjent med.»

Sausboka er laga i eit svært praktisk permsystem, med flipper på sidene som gjer at du svært lett finn det du leitar etter. Vidare er ho delt inn i kapittel for: Sausar til ulike råvarer, krafter og, ikkje minst,  grunnteknikkar – slik kan me tileigne oss kunnskapar me ikkje kunne frå før.

Boka svært bra pedagogisk opplagt, med markering av vanskeligheitsgrad, nydelege bilete, god skildring av framgangsmåte – og ekstra tips frå Geir, vedrørande den aktuelle sausen.

Selde svært bra
Diverre vart det vêrskifte på Sjøsio, like før Geir kunne ta til med boksigneringa i ettermiddag. Ein del av standane måtte riggast ned, og mange forlet plassen på grunn av vêret. Likevel såg me ikkje anna enn at boksalet gjekk strykande.

Om du ikkje fekk tak i signert bok i dag, vil du få ny sjanse til å skaffe deg ei i morgon – om ikkje ekstremvêret øydelegg det heile.

Ingressbilete: Geir Skeie og underteikna.  Foto: Kjetil Rydland.