Dagleg leiar i Fitjar Idrettslag, Geirmund Aga, og styrar i Bakken barnehage, Torunn Aarskog, signerte i går samarbeidsavtale om bruk av Klubbhuset i Fitjar Idrettspark. Ein vinn-vinn situasjon for begge partar.

Geirmund Aga hadde akkurat fått beskjed frå styret om å sjå seg rundt etter nye leigetakarar då Torunn Aarskog ringde og spurde om å få leige. Ho var ute etter lokale til ein ny barnehageavdeling. Såleis var timinga utruleg bra. Avtalen gjeld det meste av huset, men ikkje garderobane i sør. Dei skal A-laget ha til disposisjon. 

Den nye avdelinga vert teken i bruk 15. august. Men før det skal det pussast opp.

– Det skal me begynne med ganske snart, og lokala vil då bli tilpassa barnehagebruk. Men opplegget vil bli slik at det vert hyller på hjul, slik at lokala lett kan ryddast når det er naudsynt. Slik kan me òg leiga ut lokalet til barnedåp, konfirmasjonar, runde dagar og liknande i helgane, seier Geirmund Aga. Lokalet har både kjøken og steam-oppvaskmaskin.

Fitjar kommune har så langt løyvd 50 000 kroner til utgifter i samband med den nye avdelinga, og kommunestyret skal seinare ta stilling til om ein i tillegg skal stilla 50 000 kroner som underskotgaranti.

Den nye avdelinga vil huse ei gruppe på 0-3 år med 11 born som har plassar på 60, 80 eller 100 prosents basis. Til saman ni fulle barnehageplassar.

Med denne avdelinga, som førebels er ei midlertidig avdeling,  sikrar Fitjar kommune seg full barnehagedekning.

– For idrettslaget betyr avtalen friske midlar som vert nytta  til oppussing av Klubbhuset og til å skapa større breidde i laget, seier Geirmund Aga, til slutt.