Midtfjellet Vindkraft AS signerte  i går, 19.juni, avtale med det tyske selskapet Nordex om leveranse av vindturbinar til til 2. byggjetrinn i Midtfjellet vindkraftverk i Fitjar kommune i Hordaland.

Avtalen omfattar leveranse av 23 vindturbinar til andre byggetrinn av dette prosjektet.

Nordex har meir enn 25 års erfaring med vindkraft i ei rekkje land og har installert meir enn 4.600 vindturbinar på verdsbasis. Dei startar montasjen av turbinane til byggetrinn 1 om to månader.

Dagleg leiar i Midtfjellet Vindkraft, Ole Vidar Lunde, er fornøgd med leverandør og kjøpet av vindturbinane.

– Med dette kjøpet fullfører me kjøpet av turbinar til prosjektet. Vi ser fram til eit godt samarbeid med Nordex, seier Lunde.

Vindturbinane som skal leverast på Midtfjellet har alle en yting på 2,5 MW, med tårnhøgde på ca 80 m og rotordiameter på høvessvis 90 og 100 m. Fase 1 i Midtfjellet Vindkraftverk vert bygt med investeringsstøtte fra Enova SF, mens fase 2 er det første store vindkraftverket i Norge som baserer inntektene frå det norsk-svenske sertifikatmarkedet.

Fitjar Kraftlag og Østfold Energi eig 1/3 kvar av Midtfjellet Vindkraft AS, mens Vardar og EB Kraftproduksjon eig 1/6 kvar.

Framdrift
Byggjestart for prosjektet var i september 2011. Det er til no bygt rundt  25 av i alt 27 km vei, oppstillingsplassar for montering av turbinane – og i alt 13 av fundamenta er ferdig støypt. Hovudanleggsperioden vil vare fram til årsskiftet 2012/2013.

Sjølve vindturbinmontasjen i andre byggjetrinn vil starte i april 2013. Det er venta ferdigstilt i løpet av hausten 2013. Midtfjellet Vindkraftverk vil vere ferdigstilt sommaren 2014, og forventa årsproduksjon er ca. 350 GWh, tilsvarande forbruket til 17.500 husstandar.