Ved fleire høve har fitjarposten.no skrive om Signe Kvalsvik Rydland som representerer Fitjar IL.

Denne helga er ho med som fjerdedommar når Røa møter Stabæk i cupfinalen (fotball for kvinner). Kampen vert spela på Telenor Arena i Bærum. Dette oppdraget har Signe fått på grunnlag store og utfordrande dommaroppgåver som ho har løyst på ein framifrå måte. 

Fitjarjenta skal blant anna ordne med spelarbyte og sjå til at alt går rett for seg i teknisk område. Ei anna oppgåve er å vise tilleggstid på rett tidspunkt. Fitjarposten sine lesarar gler seg til referat frå cupfinalen.