Signe K. Rydland var assistentdomar under cup-finalen for damer laurdag ettermiddag.

På Norges fotballforbund si heimeside kan me lesa om Signe at ho er ein ung og lovande assistentdomar. Ho har regelmessige oppdrag i Toppserien og har debutert internasjonalt. I år var ho plukka ut til å vera assistentdomar i damene sin cup-finale som gjekk mellom Røa og Team Strømmen. Signe var veldig fornøgd med kampen, og me går ut frå det var ein stolt domarpappa, Kjetil Rydland, som såg kampen frå tribunen på nye Telenor Arena på Fornebu.

På tribunen sat og fotballpresident  Sondre Kåfjord, kong Harald og statsminister Jens Stoltenberg.  I dagens Sunnhordland kan me lesa at Signe fekk treffa dei, men at det dessverre ikkje vart tid til nokon djup samtale.

Hovuddomar var Vibeke Karlsen frå Grei, og den andre assistentdomaren var Cathrine Eide frå Ranheim. Kampen enda 1-0 med siger til Røa for andre år på rad.

Signe K. Rydland si deltaking i cup-finalen resulterte i hovudoppslag i Sunnhordland i dag, med tittelen «Finaledomar frå Fitjar».  Sunnhordland har og hatt ein del artiklar om Signe på nettsida si i forkant av cup-finalen.

«Ei spesiell jente» kan du lesa her.

«Har gjort kometkarriere» kan du lesa her.

«Mitt livs oppleving» kan du lesa her.