Siglo vann klart gårsdagens quiz på Fitjar Fjordhotell.

Trass i fleire elementære feil i den skarpe kunnskapskonkurransen i går kveld gjekk Siglo av med sigeren. Dersom dei ikkje hadde vunne, hadde dei nok trega enno på at dei klarte å plassera Gjøvik i Hedmark, og dei olympiske sommarleikane i 2004 i Sydney.

Men også dei andre laga hadde sine svake punkt. Dermed vann siglarane, og fekk ein etterlengta revansj over «The Salomons», som vann ein overraskande siger i quizen i januar. Den gongen stilte favorittane Hønene utan Hanen sin frå Hogste, og kom på andreplass. I går blei det ein ny andreplass med Hanen og alle Hønene på plass.

Ein opplagt Geir Bjarte Hatlevik styrte som vanleg konkurransen med stødig røyst. Han har sett ein litt nedadgåande tendens, etter som det var berre seks lag med i går. På det meste har det vore 10-12 lag med i desse uhøgtidelege tevlingane. Kanskje var det vinterferien som hadde lokka ungdommane vekk i går, undrast Geir Bjarte. Vonleg er dei tilbake på quiz i mars.

Etter to omgangar ligg «The Salomons» og Siglo likt med ein siger og ein tredjeplass så langt. «Hanen & Hønene» har to andreplassar. Eitt resultat kan strykast, slik at dei tre beste plasseringane er avgjerande. Derfor er nok «Hanen  & Hønene» framleis favorittar til topplassen blant åndseliten i Fitjar.

Men då må dei møta med fullt mannskap på neste runde, som går av stabelen på Fitjar Fjordhotell fredag 21. mars.