Favorittlaget Siglo vann festivalquizen i skarp konkurranse med 10 andre lag.

Rundt 70-80 glade festivaldeltakarar varma opp til villvestfest med quiz på Fitjar Fjordhotell fredag kveld.

Hanen og hønene frå Hogste viste seg ikkje på quiz denne gongen, og dermed blei det ein enkel favorittsiger for Siglo.

Spørsmåla frå den opplagte quizverten Geir Bjarte Hatlevik var kanskje eit nummer enklare enn vanleg. Det blei i alle høve jamt i toppen, men ingen kunne eigentleg truga dei rutinerte siglarane.

Havn med Roger Træet og Vidar Larsen i spissen kom på ein klar andreplass. Tredjeplassen blei delt mellom Cowboy-Laila, med Laila Vestbøstad på laget, og dei gamle travarane The Salmons. Dermed var det tre lag som måtte få pizza og billettar til tivoliet.

Debutantane Himmelsk Lapskaus frå Vik lét til å vera godt fornøgde sjølv om dei måtte betala for pizzaen sjølve.
– Me kom nedanfrå, men me er dårlege på sport, seier Bodil Drønen Jæger til Fitjarposten. – Me fekk ikkje spørsmål om det me er gode på! legg Lilli-Ann Drønen til.

Likevel reknar dei med å stilla på neste quiz, etter det me forstår på Per Drønen. Men han vedgår at dei ikkje reknar med å kunna utfordra vinnarlaget frå Siglo. Man kanskje siglarane skal på ferie i haust?

Neste quizkveld på Fitjar Fjordhotell blir fredag 12. september. Då skal det bli spanande å sjå om siglarane klarer å segla frå Hanen og hønene og andre kunnskapsrike fitjarbuar.

Ingressfoto: Så glad blir Cowboy-Laila over ein delt tredjeplass i festivalquizen. Stemninga ved vinnarbordet var noko meir nøktern.