Foto: privat

Jens Øien Kloster gjorde nesten reint bord under vestlandsmesterskapet i orientering i helga.

Sogndal var årets vert for vestlandsmesterskap i orientering i helga. Frå Fitjar deltok Jens Øien Kloster på to distansar; mellom- og langsdistansen for klassen herrer 17 til 18.

Revansjeklar etter sisteplassen under VM-veka i august la Jens Øien Kloster ut i løypene, og første løp ut var mellomdistansen på laurdagen. Kloster enda i mål på tida 47,13, rett over 4 minutt bak vinnaren Oskar Madslien Steinhaug frå Varegg Fleiridrett.

Søndag var det tid for langdistansen. No var det Jens Øien Kloster sin tur til å vinna på tida 1.21.01, med Oskar Madslien Steinhaug like bak.

– Distansane gjekk i fint og ope terreng, og arrangørane hadde fortsatt laga gode og utfordrande løyper. Nokre litt større småfeil, og ein sur bom kosta meg nokre minutt under mellomdistansen. I dag hadde eg betre flyt, og hadde stort sett kontroll heile vegen. Sjølvsagt er det alltid eit par småting eg kunne gjort betre, men eg hadde ikkje store nok feil til at sigeren rauk, fortel Kloster.

Han fortel vidare at det var kjekt å gjera det bra etter den litt småsure starten på haustsesongen.

– No ladar eg forma til NM. Der vert det hovudsakeleg sprint løp, so eg må endra treninga mi litt, elles kjennes kroppen forholdsvis klar ut, avsluttar Kloster.

Fitjarposten gratulerer med helgas siger og andreplass, og ynskjer Kloster lukka til i NM.

- Annonse -