Fotballdamene til Fitjar IL nytta ruskevêret torsdag kveld til å slå Kalandseidet.

Damelaget spelte ein utsatt kamp mot Kalandseidet i skikkelig haustvêr på kunstgraset torsdag 16. september.  Det blei ein jamn kamp, der Fitjar-damene til slutt vann 3-1 etter scoringar av Elin Kvia, Martine Engelsen og Anne Kristin Skår.

 

Fitjar stilte med dette laget:
Ragnhild Tufteland, Synnøve Helland, Torhild Solbakken, Anne Kristin Skår, Elin Kvia, Therese W. Nysæther, Martine Engelsen, Britt Lise O. Volden og Anne Helene S. Vestbøstad.