Det har ikkje vore flust med sigrar til Fitjar-damene i år, men i helga vart det annleis.

Løv-Ham måtte reise heim att med eit forsmedeleg 6-2 tap på Fitjar Kunstgrasbane, søndag ettermiddag. Men altså eit svært så oppmuntrande resultat for fitjarspelarane.

Målscorarar for Fitjar var Randi Thorland (3), Anne Kristin Skår, Martine Engelsen og Amalie Nesbø.