Søndag 10. juni slo damelaget vårt Njardar/Tysnes for første gang

Det var ein veldig god kamp ifrå vår side med masse godt spel i frå start til slutt.

Njardar/Tysnes mangla sin gode spelar Marita Nesse, og det merka me veldig godt. Det var eit heilt anna lag me møtte enn vanleg.

Me fekk tidleg scoring, og etter dette gjekk det som ein leik. Me skulle hatt mange fleire mål, men marginane var ikkje alltid på vår side.

Me leda 3-0 til pause, og etter pausen forsette me med godt spel og scora 2 mål til. Njardar/Tysnes fekk eit trøystemål når me ikkje var heilt konsentrerte.

Det var ein god laginnsats på ein kanonvarm dag å spela!

Desse scora måla: Elin, Britt Lise og Karen (3)

Desse var med på kampen: Kari Steinsland Vik, Marita Nysæther, Ingrid Einartsen, Britt Lise Volden, Margaret Hillestad, Gro Hatlevik, Elin Kvia, Mai Britt Drivenes, Anne Sofie Skumsnes og Karen Elisabeth Rydland Sæbø.