Handballdamene til Fitjar IL har vore i Bergen i kveld og vunne stort mot Kjøkkelvik 2.

Fitjardamene vann overlegent 34-23 over Kjøkkelvik 2 i kveld, søndag, melder Anne Sissel R. Engevik til fitjarposten.no. Ho fortel vidare at damene har eit par dårlege kampar bak seg den siste tida, men i dag var det som om eit nytt lag var på banen.

Charlotte Solberg og Harald Engevik, som er tilbake på trenarbenken, jaga laget mot ein velfortent bortesiger. Det var mykje fint angrepsspel, men sjølve sigeren kom av det gode kollektive forsvarsspelet. Mange av måla kom som følge av brot i angrepet til Kjøkkelvik, og deretter rusha Fitjardamene mot mål.

Laget (mål i parentes)

Solveig Fitjar (keeper), Randi Thorland (6), Charlotte Solberg (5),  Ingvild Rimmereid (7),  Ingvild Kannelønning (7), Kristin T. Dahl (2), Lillian Djuvsland (2), Maria Larsen (5),  Amalie Korsvik og  Marita Nysæther.