Jentelaget vann dagens kamp mot Voss med eitt mål, medan gutane måtte strekkja våpen mot gjestene sine frå Mathopen.

Etter det sure poengtapet mot Dale i Bjørnarhallen sist laurdag, var det hyggeleg for jentene å innkassera to poeng mot Voss i dag. Sigeren blei knappast mogeleg, 12-11, etter ein god kamp, der laga skifta på å ha leiinga. Ei stund leia Fitjar-jentene med tre mål, men dei heldt på å rota vekk sigeren på slutten. Heldigvis klarte dei å ro i land sigeren denne gongen. Toppscorar blei Rea Mitrovic med seks mål.

Gutekampen mot Mathopen skifta heile vegen. Etter at Fitjar-gutane hadde lege under 1-6, tok dei igjen motstandarane sine og leia ei kort stund med eitt mål. Ved pause stod det 9-8 til gjestene frå Bergen. Diverre kom Fitjar-gutane dårleg i gang i andre omgang. Gjestene scora tre mål før heimelaget fekk sukk for seg, og dermed var kampen avgjort.

Dermed hjelpte det ikkje at resten av kampen var heilt jamn, Fitjar-gutane klarte ikkje å ta igjen det tapte. Men dei viste mykje fint spel, og ikkje minst godt humør. Toppscorar blei Arild Fitjar Waage med fire mål.

Fitjar G14 i dag (scoringar i parentes): Marius Strand (keeper), Morten Ivarsøy, Torstein Raunholm Kjelling, Arild F. Waage (4), Jonathan Tranøy (2), Marcus Opshaug (3), Andreas Nordbustad (2), Magnus Raunholm, Fredrik Vik, Hafsteinn Runarsson (2), Jan Andreas Hopperstad, Håkon Sørfonn.

Fitjar J14 i dag (scoringar i parentes): Ida Fitjar (keeper), Rea Mitrovic (6), Vilde Raunholm Kjelling (4), Lena Tislevoll, Anna Thorland, Silje Thorland (1), Cathrine Koløen (1), Ailin Vik, Kathrine Haugvaldstd, Emilie Helland.