A-laget til Fitjar vann treningskampen mot Stord torsdag kveld.

Fitjar-trenar Kjell Træet melder om siger mot Stord på Vikahaugane i går kveld. Kampen enda 2-1 til Fitjar etter to scoringar på slutten av kampen.

Stord tok leiinga i det 19. minuttet, og Fitjar klarte ikkje å utlikna før i det 78. minuttet. Målet blei scora av Goff Artsamai, etter pasning frå Badi Hurashi. Sigersmålet kom i det 86. minuttet, ved Øyvind Fykse Lie, også det etter pasning frå den kjappe høgrebacken Badi.

Debutant på A-laget til Fitjar i går var Sander Tverborgvik.

Fitjar sitt lag (4-2-3-1): 1. Oddgeir Træet, Badi Hurashi, Emil Fitjar, Martin Vestbøstad, André «Mini» Helland (Sander Tverborgvik 70.), Helge Træet, Øyvind Fykse Lie, Torbjørn Korsvik (Goff Artsamai 65.), Henrik R. Kjelling (Bernt-Ove Maraas 45.), Geir Steffen Tranøy (Jonas Tislevoll (57.), Jan Åge Tislevoll.