A-laget til Fitjar viste lovande takter og slo Norheimsund 4-3 på graset i Fitjar Idrettspark torsdag kveld.

Norheimsund er laget som viste seg altfor sterkt for Fitjar i kampen om seriemeisterskapen i 5. divisjon i fjor. Men inspirert av den store pokalen for siger i vinteserien gjekk Fitjar ut i stort tempo, og fekk snart gjestene frå Hardanger over på defensiven.

Dei første 30 minutta dominerte Fitjar midtbanen totalt. Det førte til opningar og mange sjansar for Fitjar medan Norheimsund knapt hadde skot på mål. Fitjarspelarane var kjappe med å jobbe seg tilbake etter angrep, og dei skapte mykje rom ved å nytte kantane på ein god måte.

Allereie etter fire minutt låg ballen bak Norheimsund-keeperen, og kort etter stod det 2-0. Det andre målet til Jan Åge var både uventa og artig. Han stoppa ballen på 10 meter med ryggen mot mål. Det såg ut som han ville passe ballen vidare, men i stadet gav han ballen eit roleg helspark. Keeper vart overrumpla, og ballen trilla roleg inn i det eine hjørnet.

Gjestene reduserte til 1-2, som blei pauseresultatet, men Fitjar avgjorde kampen med to scoringar i andre omgang. Først ved Thomas V. Waage og så ved Badi Hurashi. På slutten kom Norheimsund meir med, og reduserte først til 2-4 og til 3-4 etter 85 minutts spel.

Men kampen ebba ut med 4-3 til Fitjar, og dermed kunne Fitjar-trenar Kjell Træet og gutane hans innkassera ein kjærkomen revansj over seriemeistrane frå i fjor.

Mål: 1-0 Jan Åge Tislevoll (4.), 2-0 Jan Åge Tislevoll (7.), 2-1 (28.), 3-1 Thomas Vestbøstad Waage (50.), 4-1 Badi Hurashi 4-2 (79.), 4-3 (85.)

Gult kort: Øyvind Fykse Lie, Fitjar

Lagopstillinga til Fitjar (4-2-3-1): Oddgeir Træet, Emil Fitjar (Sander Tverborgvik 54.), Martin Vestbøstad (Henrik R. Kjelling 40.), Nils Ingard Tislevoll, André «Mini» Helland, Kjell André Thorland, Øyvind Fykse Lie, Torbjørn Korsvik (Goff Artsamai 67.), Badi Hurashi (Torbjørn Korsvik 77.), Jan Åge Tislevoll, Thomas Vestbøstad Waage.