Etter tre tomålstap på rad var handballdamene til Fitjar IL tilbake på vinnarsporet då dei slo Flaktveit i dag.

Med bra spel og god innsats sleit Fitjar-damene seg til ein fortent heimesiger 35-30 mot Flaktveit laurdag ettermiddag. Laga følgde kvarandre som skuggar lenge utover i første omgang. Fitjar gjekk opp i eittmålsleiing gong etter gong, for å sjå at Flaktveit kvitterte rett etterpå. Det kunne sjå ut som om Bergens-jentene slapp veldig lett gjennom, og scora på nesten alle forsøk.

Men etter kvart seig Fitjar litt ifrå, og eit aldri så lite vendepunkt kom då Fitjar-keeper Kristine Korsvik redda eit straffekast. Rett etter scora Maj R. Engevik på straffe for Fitjar, og dermed leia Fitjar med fem mål. Dette forspranget greidde dei å halda på, slik at dei kunne gå til pause med leiing 21-16. Då kunne det sjå ut som om kampen var meir eller mindre avgjort. Men Flaktveit gav seg ikkje så lett, og utover i andre omgang klarte dei fleire gonger å kappa ned på leiinga til tre mål. Og dei kunne lett ha komme endå nærmare. Men takka vere fleire fikse scoringar av Maj R. Engevik, og andre, seig Fitjar ifrå att. Og kunne innkassera ein fortent arbeidssiger 35-30.

Best på dagens Fitjar-lag var Maj R. Engevik, som blei toppscorar med sine 11 mål. Flaktveit markerte ut både Charlotte Solberg og Ingvild Rimmereid, slik at me ikkje fekk sjå like mykje til dei som me plar.

Laget (mål i parentes):

Kristine Korsvik

Anna Clementsen (2)

Maria Larsen (2)

Kristin Tjessem Dahl (2)

Charlotte Solberg (7)

Ingvild Rimmereid (4)

Maj Raunholm Engevik (11)

Julie Skjerve Jensen (1)

Marita Westerlund (5)

Berthe L. S. Myhre (1)

Etter dagens siger ligg handballdamene framleis på sjetteplass i 5. divisjon, med 14 poeng. Neste sjanse til poeng blir i heimekampen mot Årstad 3 søndag 20. mars.

Resultat og terminliste kan du lesa på www.handball.no.