A-laget til Fitjar er på veg heim frå Bergen med tre nye poeng i bagen etter ein tøff kamp mot Hetlevik fredag kveld.

Fitjar måtte slita for poenga i Bergen i kveld, fortel trenar Kjell Træet. – Spelarane mine var ikkje like gode i ballarbeidet som mot Solid, og spesielt i første omgang sleit me, fortel trenaren. På den relativt vesle banen var Hetlevik-spelarane sterke i duellspelet, og klarte å stykka opp spelet til serieleiarane frå Fitjar. – Men me hadde nok fått ein rolegare kamp i kveld dersom Thomas Vestbøstad Waage hadde fått utteljing på ein av dei to kjempesjansane sine i byrjinga av kampen, seier Kjell.

I andre omgang blei det betre plass etter kvart som Hetlevik-spelarane blei slitne. Fitjar fekk etter kvart fleire store sjansar, men trenaren er ikkje fornøgd med vala spelarane hans gjorde. Det blei for mykje stress med ballen, og han måtte venta til det 70. minuttet før Kjell André Thorland kunne gi Fitjar 1-0. Etter denne scoringa sleppte Fitjar seg nedpå, og Hetlevik flytta mykje folk oppover og kom til fleire sjansar. Likevel reid Fitjar stormen av, og Jan Åge Tislevoll kunne avgjera kampen med 2-0 i sluttminutta.

Trenar Kjell Træet seier Lars Fitjar Waage gjorde eit positivt innhopp i kveldens kamp, då at han kom inn på midtbanen ved pause. Han fekk vist styrken sin i duellane, og heva nivået på laget den omgangen han var på banen. Elles vil ikkje trenaren framheva enkeltspelarar i kveld. Sjølv om ikkje flyten var slik den burde vera, jobba heile laget bra i ein jamn kamp. Medan fleire spelarar har vore ute med skadar, har andre fått sjansen. – Det er kjekt å sjå at me har meir å spela på, seier ein relativt nøgd Fitjar-trenar til slutt.

Etter dagens kamp er Fitjar framleis på toppen av tabellen i 5. divisjon, med 37 poeng når kveldens kamp er registrert. Elles ser me at Trott har skumle planar om å kjempa for opprykk, etter heile 10-3 mot Laksevåg heime i Prestagardsskogen i kveld. Neste seriekamp for Fitjar blir heime mot Vadmyra 2, søndag 15. september.