I ein sjanserik kamp med tre brente straffespark drog Fitjar til slutt i land sigeren med 4-3 over Telavåg laurdag ettermiddag.

Fitjar – Telavåg 4-3 (2-3)
Seriekamp 4. div. menn
Fitjar Idrettspark laurdag 15. august kl. 15.00
Publikum: 75

Mål: 1-0 Badi Hurasi (5.), 1-1 Espen Lokøy (9.), 1-2 (Steffen Eide 21.), 2-2 Helge Træet (32.), 2-3 (Ole-Fredrik Midttveit 43. straffe), 3-3 Thomas Vestbøstad Waage (61.), 4-3 Kjell André Thorland (93.)

Gult kort: Torbjørn Korsvik, Fitjar; Christian Øvretveit og Ole Fredrik Midttveit, Telavåg

Dommar: Dennis Stokseth, Åsane Fotball

Fitjar sitt lag:
Oddgeir Træet, Svein Arne Raunholm (Sander Tverborgvik 71.), Emil Fitjar, Torbjørn Korsvik, André Helland (Jonas Tislevoll 76.), Øyvind Fykse Lie, Helge Træet, Kjell André Thorland, Badi Hurasi, Mats Brakedal, Thomas Vestbøstad Waage (Sebastian T. Thomassen 85.).


Mats Brakedal fekk heilt fortent bestemannspremien etter å ha plaga gjestene frå Telavåg i halvannan time. I bakgrunnen seg me 15-åringen Svein Arne Raunholm, som kom godt frå sin første kamp frå start for A-laget. Foto: Kjetil Rydland.

A-lagsgutane til Kjell Træet viste klar framgang frå kampen mot Solid for ei veke sidan, og vann ein fortent siger over Telavåg. Men sigeren sat svært langt inne. Etter at laga hadde skifta om å ha leiinga, avgjorde Kjell André Thorland kampen på overtid med eit nydeleg skot frå 30 meter heilt oppe i vinkelen. Dermed fekk endeleg heimepublikum og A-lagsgutane noko å jubla for.

Fitjar-gutane hadde tydelegvis brukt denne veka godt, og starta mykje friskare enn me har sett på lenge, då dei kjempa mot regnbyer og vind i første omgang. Allereie etter fem minutt gjekk dei opp til 1-0 ved Badi Hurasi. På grensa av offside fekk han ballen med seg og på femmeteren bomma han fullstendig på ballen. Men som ved eit under fekk han tak i ballen igjen, og scora sikkert frå kort hald.

Diverre er ikkje årets utgåve av Fijtar i stand til å ta kontroll bakover og halda på ei leiing. Dette fekk me fleire klåre prov på i denne kampen, og allereie etter ni minutts spel fekk me det første. Telavåg fekk corner, og eit litt passivt Fitjar-forsvar klarte ikkje å klarera skikkeleg. Eit flott brassespark i feltet enda på hovudet til Espen Lokøy, som kom merkeleg åleine på bakarste stolpe, og scora sikkert.

Fitjar fekk sjansen til å gå opp i leiinga igjen vel fem minutt seinare, då dommaren gav straffe for felling av Thomas V. Waage. Men straffesparket frå lagkaptein Øyvind Fykse Lie var ikkje godt nok, og Telavåg-keeper Christian Øvretveit hadde ingen problem med å redda. Og kort etter, «mot spelets gang» gjekk bortelaget opp til 2-1, ved Steffen Eide.

Fitjar hadde mesteparten av spelet og dei fleste sjansane, og utlikna på eit flott mål av Helge Træet etter vel ein halvtimes spel. Badi Hurasi slo eitt av fine innlegga sine frå høgrevingen inn i feltet, og ballen blei spelt 45 grader ut til Helge, som kom stormande. Skotet frå 17 meter inne ved stolperota kunne ingen keeper i verda stoppa.

Men i staden for å kontrollera inn til pause, sleppte Fitjar gjestene inn att i kampen. Dommaren dømte straffe, som lagkaptein Ole-Fredrik Midttveit sette sikkert i mål. 3-2 til pause må seiast å vera svært heldig for gjestene.

Andre omgang heldt fram i same sporet. Fitjar-gutane hadde mesteparten av spelet og sjansane. Men det var alltid skummelt når Telavåg kontra. Badi Hurasi og Mats Brakedal på kantane var begge svært aktive, utfordra gjestene, og slo fine innlegg inn i feltet. Dagens flottaste mål kom etter vel eit kvarters spel, då Thomas Vestbøstad Waage møtte eit innlegg frå Mats Brakedal og heada knallhardt i mål frå fem meter.

Fem minutt seinare var det klart for nytt straffespark, etter at banens beste, Mats Brakedal, hadde blitt felt. Denne gongen var det Badi Hurasi sin tur til å ta straffespark, og til å brenna straffespark. Men dommaren var ikkje ferdig med straffesparka for dagen. Litt seinare var det gjestene sin tur, og denne gongen redda Fitjar-keeper Oddgeir Træet meisterleg. Fire straffespark – av dei tre brente – er ikkje kvardagskost, alle fire var nok korrekte av ein travelt opptatt dommar på den våte Fitjar-matta i dag.

I ei hektisk avslutning på kampen hadde Fitjar fleire store sjansar til å avgjera. Men medgangen har ikkje akkurat forfølgt dei tapre gutane til Kjell Træet denne sesongen. Derfor kjendest det nesten for godt til å vera sant då Kjell André Thorland avgjorde kampen på overtid. Han fekk god plass midt på Telavåg sin banehalvdel, og god tid til å sikta. Dermed gjekk ballen i ein flott boge over Telavåg-forsvaret og duppa ned i vinkelen.

Fitjar var ikkje til å kjenna igjen frå kampen mot Solid førre helg, og viste mykje bra spel frå første til siste spark på ballen. Dagens Fitjar-spelar blei Mats Brakedal, som igjen viste at han er tilbake i normal form. Elles spela heile laget ein bra kamp, og kanskje kan me vona på fleire poeng og eit aldri så lite under utpå hausten, sjølv om tabellen for 4. divisjon ikkje er lysteleg lesnad.