Det er no klart at det vert Sigbjørn Aarland som blir ny rektor på Øvrebygda skule etter Turid Løtvedt.

Aarland har god erfaring både som lærar og øvingslærar, og har dei siste åra jobba som lærar på Stord.

Samstundes er det også klart at Frøydis Almås går inn som rådgjevar på Rimbareid skule, når Karvel Strømme sluttar til hausten.