Taket heldt på å letta i kultursalen under Fitjar Got Talent fredag kveld, både på grunn av prestasjonane til lokale talent og dei tilreisande «Shackles»-jentene. Shackles er ei gruppe som vart danna i X-factor 2009, med Charlotte Kjær, Inger Lise Hope, Malin Winther og Lwam Feshatzion. I fredagens talentkonkurranse, var dei dommarar, saman med revykongen Jan Otto Vik frå Stord. Det var tydelegvis ei stor oppleving for Fitjar-ungdomane å få møta desse jentene som kom på andre plass i X-Factor 2009.

Men lokale talent stod ikkje mykje til atters for dei meir kjende jentene i «Shackles». Høgdepunkta stod formeleg i kø under talentkonkurransen, der me fekk framført 10 nummer. Det ungdommelege publikummet visste å setja pris på prestasjonane; det same såg dommarpanelet ut til å gjera. Og det var ikkje lett å peika ut vinnarane; i denne konkurransen var alle vinnarar. I alle fal vil ikkje Fitjarposten ta på seg å «skilja klinten frå hveten».

Først ute var Fitjar Ten Sing med låten «A Perfect Day». Personleg synest underteikna at neste nummer, «Use somebody», med 9.-klassingane Ingrid Fjøsne og Irene Solli Koløen var eit høgdepunkt. I ein heilt annan sjanger, men like fullt eit artig innslag fekk me ved stand-up-komikaren Thor Sundal. Gode vitsar som slo godt an. I mellomste, gul, klasse var det likevel «Minimannen» med Brynjar Skår Bergesen og Vegard Hareide som gjekk av med sigeren. I skarp konkurranse med Marte Volden Nordfonn med songen «Concrete Angel» og Ingvild Oma, som song «Spell» til eige akkompagnement på piano.

I yngste klasse, oransje, var det to deltakarar, som måtte dela sigeren. Judith Emilie Hageberg såg ut til å trollbinda salen då ho framførte «Be our guest» på tverrfløyta si. Heile salen klappa til, og ein glødande konferansier, Ann-Sofie Drønen, klarte ikkje å løyna at ho hadde fått lyst å dansa til. Minst like flott var Ingrid Skår Bergesen si framføring av «Gabriellas song»; store delar av publikum reiste seg i beundring.

I blå klasse stakk Marte Bauge Torland av med sigeren etter å ha sunge «Not ready to make nice». Underteikna kunne ikkje høyra at Johanne Fangel Brekke si framføring av «Out here on my own» var noko dårlegare. Om det tredje innslaget i klassen var dårlegare, skal vera usagt, men det var så definitivt ANNLEIS. Gruppa «Dissension» med Jørgen Fjøsne, Simon Stokken, Joar Matre Grimstad og Jan Ove Kjærland, framførte den sjølvlaga rockelåten «Monarki». Rock av det tunge slaget, i tyngste laget for gamle øyro. Men heldigvis har folk med gamle øyro levd så lenge at dei hugsar TV-innslag med Beatles på tur i Amerika. Alle veit korleis det gjekk med dei, etter at dei hadde sjokkert den eldre generasjonen. Kanskje det opnar seg ei framtid for dei lokale heltane våre òg?

Me fekk oppleva lokale aktørar som engasjerte og begeistra eit ungt publikum så det var nesten rørande å vera med på. Derfor var det got gjort av dei tilreisande «Shackles»-jentene å toppa dette. Men det klarte dei så avgjort. Konserten deira var ikkje så lang, men dei klarte å avsløra at dei kunne syngja. Det såg ut som om dei kosa seg på scenen, og det var ikkje måte på begeistring i salen. Det unge publikummet såg ut til å nå ei stemning som me ikkje har sett maken til her på våre kantar.

Etter konserten storma publikum scenen, men «Shackles»-jentene takla situasjonen med godt humør. Og dei tok seg god tid til å skriva autografar før dei reiste. Frå eit arrangement som absolutt svarte til forventningane, og vel så det. Ein skikkeleg innertiar.