Litt bålkos må til mellom rundane på isen. Foto: privat

Mange store og små har kosa seg på isen på Klovadalstjødno dei siste dagane, og enno kjekkare vart det når det kom lys opp!

Det er ikkje lenger ei sjølvfølgje å kunne stå på skeiser om vinteren, men dei siste vekene med kulde har gitt optimalt skeiseføre ved fleire tjern og vatn. I Øvrebygda er det blant anna Klovadalstjødno som har blitt eit samlingspunkt for små og store på skeiser dei to siste dagane.

Foto: privat

Familien Ahrens Helland heiv på seg skeisene, og etter initiativ frå pappa Arnt kom det opp lys ved tjødno til stor glede for skeisarane.

– Eg møtte ei utfordring når aggregatet mitt tok kvelden, men det var ikkje noko problem å få låna nokon andre sitt. Ein rask tur innpå Øvrebygda Vel si Facebook-gruppe og Inge Andreas Waage meldte at eg kunne nytta hans. So me fekk fiksa lysproblemet kjapt, fortel Arnt Ahrens Helland.

– Kjempe kjekt!

Tilbakemeldingane frå sambygdingar let ikkje venta på seg, og dei er alle einige;

– Dette vart flott. Takk Arnt!

For nokon var det første gongen på skeiser, som for Anne på 6 år. Ho såg ut til å stortrivest på isen, til tross for nokre knall og fall den første tida med egg under beina.

Anne (6) saman med pappa Torstein Hovstad Johansen. Foto: privat

Ein annan som hadde funne fram skeisene var ordførar Harald Rydland, som tok turen med hunden Kasper.

– Han hadde ikkje gløymt gamle kunster, fortel Arnt Ahrens Helland.

Me kryssar fingrane for at skeiseføret held litt til. Kven veit kor lenge det vert til neste gong?