Inforskiltet i Håkonarparken er kome på plass. Foto: Kjetil Rydland.

Kulturløypa i Fitjar sentrum er merkt med flotte informasjonsskilt som fortel om dei viktigaste kulturminna i nærområdet vårt, og no står dei endeleg slik dei skal gjera.

Dei store, fine skilta har stått på halv åtte i fleire år, og me har i vårt stille sinn tenkt på «om noko kjem til å skje». Ein annan som har tenkt, og som er kjend for ikkje å la det bli med tanken, er kulturprisvinnar Toralv Røen.

– Då eg ein dag nyleg tok meg ein rundtur i denne løypa, må eg seia at eg vart skuffa over det eg møtte, seier Røen.

Infotavla ved kyrkja var knekt og låg slengt langs kyrkjegarden. Tavla i Håkonarparken var på god veg til å ramla ned. Tavla ved Kongsbrunnen sto på halv åtte, og benken var i ei heller dårleg forfatning.

Slik låg tavla ved kyrkja. Foto: Toralv Røen.

Han fortel at han tok kontakt med Fitjar kommune for ei tid sidan, men der fekk han til svar at dei hadde ikkje tid til å gjera noko med dei skakke skilta.

– Slik kan me ikkje ha det, seier Røen, og han bestemte seg for å ordna opp sjølv.

For eit par dagar sidan tok han med seg slegge, spett, pålar, vater, boremaskin og skruar, og retta opp att alle skilta. No står dei fjellstøtt, minst like fint som då kulturløypa var ny.

Løypa blei offisielt opna 18. juni 2011, på 50-årsdagen for avdukinga av Håkonarstøtta i Parken. Me torer minna om at statuen av Håkon den gode er eit riksmonument, noko som bør forplikta …

- Annonse -

Til dei som har gløymt det, kan me fortelja at kulturløypa har fire stoppestader:

  • Håkonarparken med riksmonumentet over Håkon den Gode.
  • Kongsbrunnen på kongsgarden på Fitjar.
  • Fitjar kyrkje / kyrkjegarden med info om den gamle kyrkja, som blei riven for vel 160 år sidan.
  • Rimsvarden, som blei nyopna med nytt skilt i 2010.

Toralv Røen var i si tid med i gruppa som arbeidde med kulturløypa, saman med blant andre Aase Nøttveit ved Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor, dåverande ordførar Harald Rydland, Magnar Kloster og Karvel Strømme.

Lat oss vona at skilta får stå i fred, og at dei blir til glede for fastbuande og tilreisande.

Benken blir køyrd inn i reiskapshuset til Tya og fiksa og beisa. Foto: Toralv Røen.