Foto: FP-arkiv/KR.

Gladnyheit for dei som likar stolpejakta: straks kjem det 15 nye stolpar!

– Fredag 15. mai opnar me nytt kart med 15 stolpar i Selevik, melder stolpejakt-gjengen på Fitjar.

Kart blir tilgjengeleg for utskrift på nettsidene til Stolpejakten og idrettslaget.

– Me plasserer også ein bunke i stativet ved Spar i Larsenbygget – dersom du ikkje er fornøgd med å berre bruka appen på mobilen.

Svært populært

Stolpejakt er blitt svært populært, og allereie har ein registrert 635 namn i listene og totalt over 20.200 stolpebesøk. Til samanlikning var det i fjor 765 personar som nytta tilbodet.

– Den mest besøkte stolpen er stolpe 43 ved benken på vegen mellom Olstjødno og Kidnavatnet. Her er det registrert 624 besøk. Laurdag 9. april er den beste dagen så langt, med 1775 besøk fordelt på 194 personar, skriv o-gruppa.

Dei minnar om at at du får poeng på stolpar som du besøker fleire gonger, dersom du har minst 10 stolpar imellom.