På grunn av nattefrost og tele i jorda er sesongstarten på Vikedal Motorbane denne helga avlyst.

Bilcross- og rallycrossførarane i Fitjar Racing Team har førebudd seg godt til sesongen. Men no får dei endå ei veke til å førebu seg, for banen i Vikedal er framleis langt frå klar til å ta imot dei vårkåte motorsportentusiastane. Inntil nyleg blei det meldt om 80 cm tele i banen, noko som gjer det håplaust å få banen i forsvarleg stand til sesongstart. Det kom difor ikkje som ei overrasking på bilsportfolket med base på Rydland då NMK Vikedal i førre veke kunngjorde at løpa 6. og 7. april måtte avlysast.

Håvard Helland i rallycross har nytta dei siste vekene til å lakkera og finpussa faren sin Volvo 440 før sesongstart. Dette er faktisk ein bil som aldri har vore på offentleg veg. Den blei i si tid kjøpt inn som løpsbil av eigarane som hadde den før Ole Vidar Helland. I bilcross senior debuterer Paul Bod og fjorårsjunioren Gisle Aarbø, medan Jonas Heggøy og Oliver André Matre stiller i juniorklassen. Alle stiller godt førebudde til årets sesong, som startar på Eikåsbanen i Åsane i Bergen laurdag 13. april. Dette blir første runde i Vestlandsmeisterskapet både for rallycross og bilcross. Løpet er også viktig fordi det er kvalikrunde til landsfinalen NMK  i bilcross senior og junior..

Crosskartførarane i racingteamet, Ingve A. Strand og Anders Halleråker Strand, er godt i gjenge. Dei lir ikkje under den seige vinteren, for den første NM-runden går ikkje av stabelen før 1. juni..