I morgon ettermiddag er det endeleg seriestart, når Fitjar møter Austevoll til prestisjeoppgjer på graset i idrettsparken.

Årets 4. divisjon opnar altså med ein skikkeleg godbit, kan henda den største av dei alle. Oppgjera mot naboane nordom fjorden har alltid vore fylte av fart og prestisje, sidan Huftar melde seg på i seriesystemet for vel 40 år sidan.

Huftar blir gjerne hugsa for fart og fysikk, men det er eit mykje meir spelande lag som kjem over Selbjørnsfjorden i morgon ettermiddag. Dei seinare åra har dei vore fleire nivå over Fitjar i seriesystemet. I 2011 spela dei i 2. divisjon før det blei to sesongar i 3. divisjon og nedrykk igjen i fjor haust.

No møter dei eit Fitjar-lag som har hatt markert framgang dei siste åra, etter nokre sesongar i «skyggens dal». I Austevoll IK møter nok det unge nyopprykte heimelaget den tøffaste motstanden som finst på dette nivået.

Hjelpetrenar i Austevoll, Håvard Hansen, fortel til Fitjarposten at dei fleste er med vidare etter nedrykket i fjor. Dermed har han ei rutinert sentrallinje klar til møtet med Fitjar. Spesielt er han imponert over veterean og kaptein Inge André Rabben, som framleis er med for fullt.

– Ein fantastisk spelar, ein av dei aller beste på dette nivået, seier Håvard Hansen.

Hjepetrenaren fortel at laget har trent godt i heile vinter. I siste treningskampen før seriestart, tapte dei stygt heime mot Norheimsund, etter mange personlege feil. Eit lag som fekk bank av Fitjar for kort tid sidan. Men ein dårleg generalprøve, gir gjerne ein god seriestart for austevollingane?

Håvard Hansen fortel at AIK ikkje har noko bestemt mål når et gjeld plassering i årets serie. – Me får sjå korleis me ligg an til ferien, seier han, det viktigaste no er å skapa eit godt miljø og ein god treningskultur.

Fitjar-trenar Kjell Træet på si side reknar med at laget hans er godt førebudd på møtet med sterke austevollingar. Han har ein tilnærma skadefri spelarstall, og melder om eit lag i form etter ein vellykka treningsleir i Tyrkia.

Til liks med Austevoll-trenaren ser han fram til møtet med gode naboar i morgon ettermiddag.