Sigeren satt langt inne i dagens kamp mot Mathopen

I dag spelte 5. divisjons damene kamp mot Mathopen, som ligger på 3. plass på tabellen, plassen over Fitjar. Kampen starta dårleg for damene og Mathopen fekk seg eit par måls leiing. Det var nølande forsvar i starten av begge omgongane. Damene klarte å henta inn Mathopen til pause, men diverre vart det også ein dårleg start i 2. omgang. Ut i kampen leia Mathopen med heile 7 mål, og Anders Langeland (trenar) kallar damene inn til time out. Her vart damene einige om å møta dei med eit meir offensivt forsvar. Utruleg nok klarte dei å ta att denne 7 måls leiina, og vann 27-24, ei utruleg opphenting av Fitjardamene! Dagens toppscorar vart Cathrine Haga.

– Alle jentene jobba knallhardt både i forsvar og angrep, og motstandarane gjekk seg etter kvart tomme for krefter. Dette var ein lagseier der alle stod på for kvarandre! Fortel Harald Engevik ( hjelpetrenar)

Tirsdag 9. februar er damene klar til ny kamp i Fitjarhallen, denne gang mot Åsane som ligg på toppen av tabellen. Kampen startar 18.30, kom og hjelp damene til ny siger!