Med 2-0 mot botnlaget Baune 2 fekk A-laget til Fitjar sin første heimesiger i årets 5. divisjon. Fitjar tok leiinga allereie etter fire minutt, då Mats Brakedal smelte ballen i nettaket frå kort hald. Fitjar klarte å halda på overtaket ei lita stund utover i 1. omgang, og eit talrikt publikum på 60-70 store og små såg nok for seg at dette skulle bli lett match for heimelaget.

Men etter kvart måtte dei sjå at Fitjar-spelarane «datt nedpå» i staden for å halda oppe trykket. Dermed kom Baune inn i kampen, og 1. omgang sett under eitt blei relativt jamn. Då pausen nærma seg, og enkelte av oss var på veg inn i kaffikøen, fekk Fijtar corner. Ute i returrommet var Henrik Raunholm Kjelling på rett plass til rett tid. Han fekk kontroll på ein retur på ca. 20 meters hald, og la ballen pent i mål. Dermed kunne Fitjar gå til pause med leiing 2-0.

Andre omgang utvikla seg omtrent som første, men ingen av laga makta å scora. Det må tilskrivast manglande dugleik, eller konsentrasjon i avgjerande augneblinkar. Goff Artsamai kom inn ved pause, og viste seg akkurat så lett på foten som me har sett før. Han var farleg frampå gong på gong, men det ville ikkje lukkast å få ballen i mål. Baune var svært nær redusering fem minutt før slutt, men heimelaget blei berga av ein fin beinparade av keeper Oddgeir Træet. Fitjar var endå nærmare scoring rett før slutt, då innbytar Nils Ingard Tislevoll heada i stolpen.

Best på Fitjar i dag var nok midtbanespelarane Kjell Træet og Kjell André Thorland, men alt i alt var dette ein ujamn kamp frå Fitjar si side. A-lagstrenar Stein Gunnar Halleråker seier til fitjarposten.no at poenga gledde meir enn spelet i dagens kamp.

Etter dagens kamp har Fitjar klatra opp til ein 6.-plass på tabellen med sine åtte poeng, berre eitt poeng frå 2.-plassen. Resultat og terminliste kan du lesa på sidene til www.fotball.no.