Rundt 90 jenter og gutar let seg ikkje affisera av grisvêret, og hadde ei flott sesongavslutning på kunstgraset fredag ettermiddag. Verken store eller små let seg skremma av den tidlege vinteren, og møtte opp i hopetal for å markera avslutninga av årets fotballsesong. Minileiar Anne Helene Vestbøstad i fotballgruppa gjekk i bresjen, men hadde med seg trenarane for gutar og jenter i årsklassane 10, 11 og 12 år.

Rundt 40 jenter og 50 gutar blei delte inn i lag med meir kjente namn som Arsenal og Manchester United. Etter ein del nervepirrande kampar blei det kåra eitt vinnarlag i jenteklassen og eitt i guteklassen. Det såg ikkje ut til at vêret la nokon dempar på stemninga. Alle var med heilt til slutt, og fekk velfortente medaljar som takk for innsatsen. Til slutt fekk alle servert pløser og brus.