Laurdag 22 mars var det sesongavslutning i Aarbø og Helland’s jaktlag i garasjen i Søruro hos Rune Aarbø.

Det vert meldt om god stemning, og jaktskrønene stod i kø.

– Ikkje alle kunne møte, men gjengen som møtte opp, hadde «ein fortreffeleg aften», fortel Rune Aarbø til fitjarposten.no.

Rune hadde laga til ein jaktquiz på 24 spørsmål med tre alternativ på kvart spørsmål, som var ei lett blanding, med nokre teke ut ifrå Internettsida til jaktlaget. Quiz-en enda med delt førsteplass til Håvard Helland og Arne Mork. På det avgjerande spørsmålet om kor mange jegerar som var registrerte i 2012/2013, var Håvard var den som gjetta nærmast og vann. Fasitsvaret er 456 000.

Det vart vidare vist ein flott bildekalvalkade frå fem år tilbake og fram til no. Mange fine bilde ifrå jaktturar som har gitt gode minne.

Håvard Helland fortset elles som hundeførar og leiar i jaktlaget, mens Rune Aarbø forset som presse- og webansvarleg.

Aarbø og Helland’s jaktlag vil takka alle bønder og eigarar av dei gode jaktterrenga som blir jakta på og vonar på godt samarbeid vidare. Om nokon vil lese meir om jaktlaget og sjå flotte jaktbilde, kan dei de besøke jaktlaget si side www.aaoghell.com

Jaktlaget ønskjer alle ein riktig god sommar, og ser allereie fram til hausten.