Fotballgruppa arrangerte turnering som sesongavslutning for 2. – 4. klasse måndag ettermiddag.

Fotballfolket blei velsigna med fint spelevêr då dei samlast på kunstgraset til sesongavslutning for 7-9-åringar måndag. Det blei arrangert turnering for 76 gutar og jenter. Alle laga blei sette saman av spelarar frå ulike alderssteg, 2., 3. og 4. klasse. Trenarar for dei ulike laga, foreldre og andre ja-menneske i fotballgruppa fekk ansvaret for kvar sitt lag gjennom turneringa. Kampane blei leia av dommarar frå gutar 2000.

Etter turneringa var det pølser og brus, laga til av Monika Hatlevik og Mona A. Traa. Fotballglede og yrande liv på kunsten, fortel Anne Helene Vestbøstad i fotballgruppa. Ho gler seg over stort engasjement blant fotballgutar og -jenter i eit samlande arrangement for trenarar og spelarar i fotballgruppa.