Fitjar Racing Team feira sesongen med pizza og laurdagsgodt i klubblokalet på Rydland laurdag kveld.

Med pizza og brus – og mykje godt prat – markerte motorsportfolket at sesongen 2014 er over. Rundt 50 førarar, mekanikarar, foreldre, barn og andre støttespelarar var samla i floren til Ole Vidar Helland i kveld.

Etter servering av pizza og brus bar det ut i verkstaden, der Ole Vidar hadde regien. Her måtte alle aktive i årets sesong stilla opp til fotografering. Fitjar Racing Team har hatt god aktivitet; heile 13 førarar har køyrt løp for teamet i år. Av desse var 12 til stades på kveldens pizzaparty.

Som underhaldning blei det vist bilete frå sesongen 2014, som har vore ein av dei beste sesongane nokon gong. For første gong på 25 år – heilt sidan Ole Vidar Helland sine velmaktsdagar – vann ein Fitjar-førar eit seniorløp i vanleg bilcross. Det skjedde i Vikedal 24. august då Oliver André Matre gjekk heilt til topps i seniorklassen. Håvard Helland blei vestlandsmeister i rallycross, og dermed greidde han endeleg å kopiera pappa Ole Vidar Helland og eldstebror Nils Arve Helland.

Mest åtgaum fekk naturlegvis Ingve André Strand, som har stått for den største prestasjonen av alle i år. Etter at han har blitt nummer to med minst mogeleg margin tre år på rad, blei det endeleg Ingve sin tur til å vinna NM i crosskart samanlagt. Mannen som blei utropt til «norgesmester i ikke å bli norgesmester» av Henning Isdal i Injection bilsportens nett-TV, fekk endeleg sin første velfortente offisielle NM-tittel i år. Til stor jubel frå resten av Fitjar Racing Team blei den dramatiske finalen på Krabyskogen Motorbane vist på storskjermen i floren til Ole Vidar.

Så vidt me forstår, går ikkje bilsportfoket i dvale, no skal grunnlaget leggjast for ein ny sesong. Nye bilar, nye motorar og andre komponentar krev mykje arbeid om ein skal kjempa mot dei beste til neste år. Racingteamet takkar støttespelarane sine for hjelpa i sesongen som gjekk, og ser allereie fram til ein ny sesong.

Ingressbilete: Nestor Ole Vidar Helland med 12 sjåførar som har køyrt løp i år: Jonas Heggøy, Oliver A. Matre, Håvard Dalen, Håvard Helland, Martin Fausk, Anders Halleråker Strand, Arne O. Torsen, Ingve André Strand, Jonas K. Lønning, Gisle Aarbø, Paul Vik og Terje Heggøy. I tillegg til desse har Joar Torsen køyrt løp for Fitjar Racing Team i år. Foto: Kjetil Rydland.