O-gruppa i Fitjar IL ønskjer velkommen til sesongavslutning søndag kveld i klubbhuset ved Fitjar Idrettspark.

-Her vert det det mellom anna premiering for Fitjarkarusellen og utdeling av gratis turo-merke til alle under 16 år som har klart krava til merke denne sesongen. (Dei over 16 år kan få kjøpe dersom dei vil ha.)

Det blir òg pølser, saft, kaker og kaffi, og kanskje ein liten konkurranse. I tillegg blir det ein kort informasjon om aktivitetsplanar vidare, heiter det i ei melding til fitjarposten.no