Friidrettsgruppa gjennomførde i dag seriestemne i Fitjar kultur- og idrettssbygg.

15 ungar og ungdomar frå friidrettsgruppa i Fitjar deltok på stemnet, og alle saman viste fine resultat. Dei fekk testa ferdigheiter i lengde utan tilløp og høgde utan tilløp. Alderspennet på friidrettsutøvarane var frå 8 år til 14 år. Deltakarane samlar poeng for sine prestasjonar, som vidare er grunnlaget for utdeling av premiar ved slutten av året. Premieringa er uavhengig av årsklasse, då like resultat gjev ulike poeng utfrå kva aldersklasse ein høyrer til. På den måten kan alle til slutt konkurrera mot kvarandre på "lik linje".

Alle kom godt over ein meter i lengde utan tilløp, og to av dei eldste jentene passerte to meter. Dei eldste har god teknikk, og dei yngre er i stadig utvikling. Av dei yngre imponerte Johannes Myhre (f.1998) med heile 1.90 m, og Oda Rydland (f. 1999) med 1.71 m.  Jone Træet (f. 1997) hopte nesten like langt som ungdomsskulejenten, og noterte 1.97 m som beste resultat.

Teknikken i høgde utan tilløp oppleves av mange som vanskelegare enn i lengde. For dei som ikkje har så god trening kjennes det merkeleg ut å skulla hoppa over stanga med ryggen til. Det var freistande å snu seg, men då var ein ganske sikker på å riva. Med tre forsøk på kvar høgde var det likevel mange som klarte å fylgja med  langt oppover. Då dei som går i småskulen var i aksjon var det ikkje stopp før etter at Sander Thomassen (f.1999) hadde klart å koma over 0,96 m. Då dei som går i storskulen og på ungdomsskulen var i aksjon stopte ikkje lista før etter 1,05 m , og det imponerande høge hoppet var det Anna Nøttveit som stod for. Alle dei eldste imponerte spesielt i høgde, noko som må tyda på gode læremeisterar.

Neste veke flyttar friidrettstreningane ut. Då vert det trening kvar tirsdag på idrettsbanen (Idrettsparken) kl. 18.00-19.00. Treningane er for dei som går i 3. klasse eller er eldre. Det er inga øvre aldersgrense. Utpå sommaren vert det igjen høve til å delta på stemne.