Roger Træet har blitt seriemeister i bridge 3. divisjon, og rykkjer opp ein divisjon i bridgesystemet.

Fitjar har fått ein ekte seriemeister i bridge etter turneringa i Haugesund i månadsskiftet januar/februar. Roger Træet er yngstemann og kaptein på laget som vann Seriemesterskapet i bridge 3. divisjon avd. G. Dermed skal han og kompisane igjen spela i 2. divisjon etter at dei rykte ned i fjor.

Han fortel til Fitjarposten at det er god geografisk spreiing på seksmannslaget hans, Øyvind Haga, Frode Tveito, Stig Gamlemshaug, Finn Fyllingslid og Hallgeir Lune. Kompisane kjem frå Haugesund, Eidfjord, Voss, Os og Bergen. Roger fortel at dei sikra seg sigeren i ei særs dramatisk avslutning på turneringa denne helga. Meisterskapet går over to helgar, og etter den første turneringa, som gjekk av stabelen i Haugesund i november, låg laget hans på fjerdeplass.

Under den avgjerande turneringa i helga var ingen ting avgjort før heilt til slutt. Dei låg på andreplass 1,4 poeng bak leiarlaget før siste kampen. Roger fortel at han som kaptein sette ut seg sjølv i dei avgjerande rundane, fordi lagkompisane hans hadde så god flyt i spelet. Dette er ein svært sjeldan manøver i den lokale bridgeverda, og Roger er ikkje så lite stolt over at taktikken lukkast.

Etter suksessen i bridgeserien er Roger mest av alt oppteken av å verva fleire bridgespelarar. Dei møtest på Øvrebygda skule om torsdagskveldane, og har så absolutt plass til feire. Dersom nokon ønskjer å begynna, må dei endeleg ta kontakt med han, seier Roger. Han tilbyr rettleiing på alle nivå, etter det me forstår, så det er berre å ringja til han på telefon 905 04 705.