Førstkomande laurdag spelar A-laget til Fitjar IL siste seriekampen sin i år, og seniorleiar Geir Tore Søreide seier han håper mange finn vegen til idrettsparken denne ettermiddagen.

Eigentleg rykte Fitjar IL ned til 6. divisjon med A-laget sitt i fjor, men fekk likevel behalda plassen etter at eit lag trekte seg. Det viste seg snart at det unge A-laget var altfor godt for 6. divisjon. Faktisk har dei unge spelarane vore oppe og lukta på ein opprykksplass, men no endar dei på 3. plass i sin pulje i 5. divisjon. Avstanden til opprykkslaga Krabbetor og Søre Neset er ganske klar, men Fitjar er det einaste laget som har klart å slå puljevinnar Krabbetor.

Som i dei føregåande sesongane er det dei unge spelarane som har drege lasset i år også; dei fleste av A-lagsspelarane er juniorspelarar. Blant storscorarane i år er faktisk ein gutespelar; Henrik Raunholm Kjelling har hatt sitt gjennombrot på A-laget i år. Toppscorar på laget er Thomas V. Waage, som har vist ein imponerande målteft. Elles har laget hatt god nytte av rutinen til Roger Almås, og Fitjar IL kunne godt ønskt seg å ha han med vidare. Men takkar for samarbeidet, og ønskjer han lykke til når han no går tilbake til Stord før neste sesong.

Geir Tore Søreide seier fotballgruppa er stolt av alle dei lovande ungdommane. Dei har vist ei fin utvikling i år. Men det har vore god plass på tribunen. Derfor håper Geir Tore at mange trassar det kalde haustveret og møter opp i hopetal for å få med seg den siste heimekampen, laurdag ettermiddag kl. 16.00.

Neste år har me fleire godbitar i vente. Både Trott og Solid har rykt ned frå 4. divisjon. Dermed får me fleire gode, gammaldagse lokaloppgjer i idrettsparken i 2011. Ingen ting er som ein siger mot erkerivalen Solid. Så her er det berre å gle seg!