Desse to ungane blei klekka fram i førre veke, og ser friske og sunne ut. Foto: Kjetil Rydland.

Dei to måsane som har hekka om bord på motorseglaren Trine ytst ved bryggja i Havn, ser ut til å lykkast med årets hekking.

I går kveld var to lys levande måseungar framleis i reiret om bord på båten. Dei to blei klekka for om lag ei veke sidan. To illsinte måsar gjorde alt dei kunne for å skremma vekk alle som nærma seg, både fugl og folk.

Måsen har nett landa på Trine, og passar godt på ungane sine. Foto: Kjetil Rydland.

I dag var begge måseungane, og foreldra deira, vekke. Me får tur at alle er i god form, og at foreldra har flytta dei små ungane til ein trygg plass.

Måsen gjekk til angrep når me kom for nær avkommet hans. Foto: Kjetil Rydland.