Fitjarungdomane Lene Tufteland, Hanne Thunestvedt og Karoline Løken Helland vonar på 700 publikumarar på Smedholmen, fredag kveld. Ut i frå det som er å lesa på Facebook, kan det vera at ønsket vert oppfylt.

I alle høve er dei tre, saman med dugnadsgjengen frå Fitjar Bondelag og Fitjar Skyttarlag, i full gang med førebuingane til storhendinga i helga. Hanne og Lene har laga plakatar og begynt å setja opp kunstnariske innstallasjonar. Karoline er i gang med ein svært spennande bardisk som ho både har designa og laga sjølv. På fredag vil ein òg få sjå ein spennade videoinnstallasjon som Kirsti Willemse står bak. Så mykje meir av det kunstnariske vil dei ikkje røpe. – Men på fredag vil sjølvsagt alt bli openberra, smiler dei.

Lene Tufteland, som er med i Festivalkomiteen, vil elles oppmoda til at folk så langt råd er følgjer den oppsette skyssen ut til Smedholmen. Dei er leigd inn skyss for heile kvelden, så det skal ikkje vera noko problem å koma seg fram og tilbake om ein ikkje har med eigen båt. Heller ikkje om ein vil tilbake før alle konsertane er over. Første skyssen ut går klokka 17.30.

– Ved at flest mogeleg lokalfolk tek skyssen, vert det lettare for andre båtturistar å få plass til båten sin. Det er jo avgrensa med båtplassar på Smedholmen.

– Men det vert sett av ein eigen lendingsplass for av- og påstigning, legg Lene til.

Dei tre banda vert henta av Seladon i Bergen fredag morgon, og vil ha lydprøver på Smedholmen frå 16.00-tida.

Konsertprogrammet er slik:

Kl. 19.00:  Kings of Convenience

Kl. 20.00: The New Wine

kl. 21.00:   Kakkmaddafakka

– Men opplys om at når det står at Kings of Convenience starter kl. 19.00, så gjer dei det. Så skal ein få med seg heile konserten med dei, nyttar det ikkje å koma kl. 19.30, understrekar Lene, som til slutt fortel at det vert servering av grillmat og drikke alt frå første skyssen kjem ut, og at banda vil selja CD-ar, T-skjorter og anna.

– Få óg med at dette er noko heilt unikt, kjem det frå Hanne Thunesttvedt. – Kor kan det vera betre å vera ein sommarkveld enn her ute på vakre Smedholmen når ein i tillegg får med seg tre konsertar pluss skyss –  for tre hundre kroner? undrar ho.

Ungdommane skryt elles av den fantastiske dugnadsånda som er i Fitjar. Og Reidar Kloster i dugnadsgjengen skryt av samarbeidet han har hatt med Lene Tufteland, som overfor dugnadsgjengen har representert ungdommane. Han fortel elles at det ligg ein del ved att etter at ein har felt tre for å letta tilkomsten frå dei kommunale flytebryggjene til sceneområdet. Denne veden kan folk berre forsyna seg av. Helst før fredag. Då slepp me å rydda han bort. (Men ikkje ta stubbane på sceneområdet. Dei er med i arrangementet.)

Så er det berre å vona at vêret óg syner seg frå den beste sida fredag kveld.

Etter prognosane i dag, ser det svært bra ut.

Heile programmet for Fitjar Festivalen finn du på www.fitjarfestivalen.no.

Les meir om Smedholmen Live på www.smedholmenlive.no og på Facebook.