I dag vart overflata av det som vart funne som sentrum av Fitjar frakta frå Valberget til Bleikje, ein liten holme utanfor Kalvaneset,

Det er den franske kunstnaren Julien Berthier som står bak prosjektet med å finna det nøyaktige sentrum av Fitjar, spa opp omkring 4 m2 av området og flytte det ut til ein forblåst holme mellom Fonno og Kalvaneset. Berthier er ein av 16 kunstnarar som deltek i prosjektet/kunstutsillinga Five thousand generations of birds og som har fått kvar sin holme til å arbeida på og stilla ut kunsten sin på. Kunstutstillinga er same helga som Fitjarfestivalen og førstkomande laurdag og søndag vert det sett opp båtskyss frå Fitjar sentrum for at folk skal få oppleva holmeutstillinga. 

Helikopterfrakta var spennande og mange var i sving for å sikra at alt skulle gå greit. Ein flokk var samla i Valberget der kunstnaren tidlegare hadde utpeikt sentrum av Fitjar, for å sikra at midtpunktet vart festa trygt til helikopteret. Ein annan gjeng var på holmen for å ta imot installasjonen. I tillegg var fleire folk plassert ut på holmar og i båtar for å dokumentera hendinga på avstand. Etter litt venting og mykje spenning kunne pressesjef i Five thousand generations of birds, Kjersti Solbakken, konstatera at alt hadde gått svært bra. 

I fylgje heimesida til Five thousande generations of birds kjem Flaggruta til Fitjar i samband med kunstutstillinga. Det er mange år sidan hurtigbåtane slutta å stoppa på meierikaien på Fitjar, men i helga skal det altså verta to hurtigbåtstopp på Fitjar, ein på fredag og ein på søndag. Dette er for at langvegsfarande frå Bergen skal koma seg lett og trygt heilt fram, til det me kallar Fitjar sentrum.