Gro Rydland fortel til fitjarposten.no at Fitjar Senterparti har engasjert seg i saka om nedlegging av Fitjar vidaregåande skule. I ein e-post kan me lese kva fylkestingsrepresentantane Alexander Fosse Andersen og Benthe Bondhus uttalar  til støtte for Fitjar vgs., tvert imot fylkesrådmannen si innstilling.

Hordaland Senterparti forsikrar at representantane støttar Fitjar vidaregåande skule. I samband med at fylkesrådmannen føreslår å legge ned Fitjar vidaregåande skule, har Senterpartiet i Fitjar stilt spørsmål til fylkestingsrepresentantane sine. Alexander Fosse Andersen er medlem i Opplæringsutvalet som skal ha møte førstkomande tysdag. Han svarer i ein e-post at han er støttar styrking av Fitjar vidaregåande, og det betyr at han vil satse på fleire klassar på skulen. «Sp kjem sjølvsagt til å gå for at det skal vera drift på Fitjar vgs framover. Eg fekk eit veldig godt inntrykk av skulen då eg var der, og eg vil gjera det eg kan for å styrkja skulen. Eg er heilt samd med deg at me ikkje treng gigantskular på Stord, men kan ha gode, desentraliserte skular i distrikta.» svarer han. Benthe Bondhus er i fylkesutvalet som også har saka oppe før endeleg avgjerd i fylkestinget. Ho har tidlegare uttala seg til nrk og lokalavisa Sunnhordland. Ho er svært klar på at skulane i distrikta må styrkast: «Vêr du trygg, me skal støtta opp om Fitjar! Vegen går ikkje bare til Stord. Vegen går også frå Stord til Fitjar, Bømlo, Kvinnherad.» I tillegg er Jostein Ljones i fylkestinget, og stemmer med dei andre. Om nokon har vore i tvil om Senterpartiet si meining i saka, er det heilt klart at partiet vil styrke Fitjar vidaregåande.