Samferdselsminister Liv Signe Navasete (Sp) fortalde dette på pressekonferanse på ei av ferjene over Boknafjorden, fredag ettermiddag (28. august).

Ho har bestemt seg for ei ekstra ferje i dette sambandet som reserve. Så kan denne ferja setjast inn når det er problem på Halhjem – Sandvikvåg. Øving, testing og vedlikehald av ferjene er heilt nødvendig, men skaper uhaldbare situasjonar slik det er nå.

3. kandidat Jakob Bjelland frå Stord, peikar på at det er ledig kapasitet i verftsindustrien, slik at det er mogleg å få fart på bygginga. Til avisa Sunnhordland seier han: 

– Me er veldig nøgde med dette her. Me lokalt har pressa på for å få ei ny ferje. Det er heilt uhaldbart slik regulariteten har vore, og då særleg for næringslivet og folk som skal nå fly over Flesland.

Fjord1 reknar med at ei ny ferje vil kosta 300 millionar kroner.